distriktet.no

Just another WordPress.com weblog

Media har alltid vore udemokratiske

Under overskrifta ovanfor skriv Lars Nyre ein kronikk i Bergens Tidende, 12.april 2008. Han avsluttar slik:

Mitt hovudpoeng er at sivilsamfunnet treng gode alternativ til dei noverande massemediene. Digitale teknologiar har særleg stort potensiale for å skapa meir demokratiske og inkluderande kommunikasjonsformer, men då må deira beste potensiale dyrkast med tolmodigheit og utan krav om profitt.

Tradisjonelt ville dette vera NRK si rolle, men eg meiner altså at universitet og høgskular må ta på seg dette utviklingsarbeidet. Fagmiljøa kan samarbeida om å utvikla prototypar for betre kommunikasjon, og løysingane kan testast ut i samarbeid med studentar, politikarar og lekfolk. Dersom samarbeidet er vellukka, kan det føra til genuint nye måtar å kommunisera på i den offentlege sfæren.

Uansett korleis det blir gjort må massemediene sin udemokratiske kommunikasjon bli broten, slik at betre offentlege arenaer kan oppstå.

Les kronikken i BT her: http://www.bt.no/meninger/kronikk/article544459.ece

 

april 14, 2008 - Posted by | Uncategorized

Éin kommentar »

  1. La inn denne kommentaren under kronikken i BT:

    Dei nidkjære og kritiske gravarane kvar er dei i denne samanhengen?
    Ikkje ofte å sjå reportasjar og intervju om dei slunkne sidene ved media!
    Kvifor er journalistar så hårsåre og berre smell i sjølvforsvar når deira eiga rolle skal drøftast?
    Elles takk til artikkelforfattaren for at han trur på grasrotmedia som byggjer på heider og tolmod!

    Kommentar av hugen | april 14, 2008 | Svar


Kommenter innlegget